lørdag 16. juli 2011
Eiksund kl 11.57
Dei har valt øvstevegen i Eiksund for å unngå trafikken. Ikkje heilt fjøra, men er imponert uansett!
Eiksund kl 11.19
Hovudvegen i Eiksund er straks nådd. Då er det å finne råsa opp til Blåtinden. Trur det blir litt hardt for karane. Det merkast at dei har gått laangt, og ein del på asfalt.
God tur vidare!!
fredag 15. juli 2011
Teltar for natta
Då er Sindre og Stian komne til Eiksund eller deromkring, og har fått slått opp teltet for natta.
Mykje mygg ute, så dei rømte raskt inn i teltet.
Det til tross for gode forberedelsar mot myggen!
Garnes
120 som “fylgjer” på Facebook.
Sindre og Stian er på Garnes no.
Tilbakeblikk.
I Kvalnestunellen.
Garnes. Fortsatt sol, forhåpentligvis ikkje mygg endå.
Garshol ein stad
Forsyning av ekstra mygghatt og gnagsår-plaster. Og karane tek ein velfortent pust i bakken.
Garshol ein plass.
Sindre reklamerer for Brandal, i t-skjorte frå Stian sin butikk
Flø
Dei var framme på Flø rundt kl 13.00, med lunsjpause der.
Fjøra før Flø.
Matpause på Flø.
Klare til å gå vidare.
Fint ver!
Sindre og Stian på tur
For ei tid tilbake kom det på snakk å gå rundt øya, altså rundt Hareidlandet. Det syns Sindre og Stian hørtes ut som ein god plan å gjere i sommar!
Planen var å gå jonsokhelga. Då blei Sindre sjuk. Så var planen å gå førre helg. Då regna det trollkjerringar og litt til. Alle gode ting er tre, så denne helga blir det!
Veret er på deira side, og dei starta å gå frå Brandal kl 09.00. Dei går i retning Kvitneset, deretter fjøra over til Flø. Planen er å kome til Eiksund i kveld, trur eg, og å gjennomføre på under 48 timar.
Kl 09.47 Skobyte på Kvitneset, klar til fjøra Kvitneset-Flø.
Dei har laga ei hending på Facebook. For dei som ikkje er på Facebook, blir det vel nokre oppdateringar (iallfall når dei er heime igjen) her på bloggen også.
God fredag!